tirsdag, juli 08, 2008
lørdag, juni 14, 2008
lørdag, mai 17, 2008
babyklede på Grünerløkka
i dag var eg og handla klede på Grünerløkka til Johan på tre veker (min framtidige gudunge). Eg hadde gjennomført ei grundig undersøking mellom mine kontaktar innanfor babyfeltet og fekk tilrådingar om fleire butikkar på Møkkaløkka.
Eg har alltid trudd at eg var sånn relativt ok oppegåande i babyspørsmål. Eg har jobba i fleire år i apotek og veit at brystbetennelse og bekkenproblem er noko som finst.
Men i dag kjende eg meg utruleg framgjort. Ekspedistria heva eit halvt augebryn til meg då eg spurde kva som var bra å gje i gåve til ein nyfødd unge, endå eit halvt augebryn når eg spurde kva er storleik 68, kva er best av Reimo-merket (?) og dette danske merket med stripene. Eg kikka bort på dei kule mødrene som lett plukka ut storleik 72 i t-skjorter av merker eg aldri hadde høyrt om, og som kikka merkeleg tilbake til meg fordi eg kom med rare spørsmål.
Konklusjonen vert om at viss den dagen kjem at eg vert på tjukka, tek eg gladeleg imot arva klede, klede kjøpt på sal på Lindex og H&M og så får desse helvetes øko-pøko møkkaløkka-fruene segla sin eigen sjø. Kva skal ein med Converse-sko til ungar som ikkje kan gå?
PS. eg har vore på Nøstebarn også. Der var det fleire fedre som stod i kø for å kjøpa tøybleiestartpakke med rispapir til kidsa sine.

tirsdag, april 22, 2008
Stipend
Eg har fått 20.000 kr i stipend til masteroppgåva mi! Hurra!

torsdag, april 10, 2008
Våren er rar
no haglar det ute
og eg har nett ete eit markjordbær frå potta i kjøkkenvindauget

fredag, april 04, 2008
Oppgåva og meg
I dag kl. 15.24 sendte eg avgarde fyrsteutkastet til oppgåva mi. Dei siste dagane har eg kjend meg som ei rotte som luskar rundt på lesesalen, så det er svinaktig godt å få sendt avgarde noko tekst og kan slappa av nokre dagar.
Eg har alltid høyrt historier om folk som vert ko-ko i innspurten, men eg har aldri kjend det sjølv før no. Eg søv dårleg om nettene, drøymer om Arvid G. Hansen og om setningar eg skulle skrive betre, er den siste som går frå lesesalen, kjem meg ikkje heim til gullrekkja og gløymer ting folk har sagt til meg. Her ein dag vart eg sur og fornærma på ein fyr på lesesalen som sa til meg at eg kunne no sjå at det ikkje var ny kaffi på kaffitraktaren.
Eg trur enno det er litt att før eg vert lagt inn til behandling, men konklusjonen er vel at ein doktorgrad skal eg aldri byrja på.