fredag, april 22, 2005
Blindern er ein rar stad
På Blindern er det mange rare folk. Her kjem ei rankering av dei raraste (eg kjenner ingen av dei):
1. ho eldre dama med klikk-klakk sko som alltid snakkar høgt på biblioteket. Ho klarar aldri å skru av lyden på mobilen, og ho plar slå seg på tennene. I går ropte ho høgt at Blindern er eit horehus, og at ingen bryr seg om kunnskap her på huset.
2. dei brørne som ser heilt like ut. Dei går me sandalar og har hippihår og Hawai-skjorter. Eigentleg er dei ikkje so rare, men ser ut som levningar frå søtti-talet saman. Dei drikk sikkert te og er mjuke menn.
3. termodressen. Det er ho som alltid har mykje klede på seg. Ofte termodress og i alle fall to-tre skjerf, pluss vottar. På lesesalen. Ho plar stilla seg i kø for å få ein datamaskin, so sit ho på datamaskinen i 5 minutt, loggar seg av og stiller seg i køen att. Eg har aldri sett ho lesa pensum.
Dette var raringlista. Eg er litt rar sjølv, og det var ikkje stygt meint å skriva dette. Berre litt artig.

torsdag, april 21, 2005
Forbod mot samiske flagg
Oslo kommune er ein skikkeleg artig kommune å bu i. Dei freistar so langt dei kan å finna nokon til å evaluera sidemåls"forsøket" sitt, og no går dei same folka som er mot nynorsk ut og seier at dei er mot samiske flagg i Oslo. Det er heilt utruleg.
Her skal me finna på noko bøll. Ver du sikker. Aksjonér, demonstrér osb.

Det største som har skjedd i målrørsla på lang tid er at Noregs Mållag har sett i gong kampanjen Slepp nynorsken til. Endeleg fylgjer dei opp det som NMU har jobba med leeeenge... å få oppheva forbodet mot nynorsk i VG og Dagbladet. Viss du ikkje har skrive under oppropet er du ein sæmpeis og bør gjera det snarast!
Skriv under her
Skriv under her