fredag, mai 27, 2005
Eksamenslesing
Midt i lesinga om reformasjonen, motreformasjonen, den kongelege inkvisisjonen og det store skismaet tek eg ein pause og sjekkar e-post. (Kyrkja i middelalderen og tidleg notid vert nok aldri det eg tykkjer er mest spanande...) Men dette var spanande: ei muslimsk gruppe vil omvenda meg! Eg har aldri sett ein so lang epost med so mykje informasjon om islam og den rette vegen. Og på sundag er det 552 år sidan Konstantinopel fall. Er dette eit teikn?
Ps. no gidd eg snart ikkje lesa meir. På tide å ta kvelden. Ei anonym jente eg kjenner godt spyla nøkkelkortet sitt i do i dag. Slik går det viss ein er på Blindern for lenge.

torsdag, mai 26, 2005
Straamannen!
Straamannen er endeleg på nettet! Jippi! Eg elskar deg! (Det er jo ikkje so farleg, det er jo ingen som veit kven du er!)

Endå meir æsj!
Fått med deg siste nytt? Tore Olsen i bystyret i Kristiansand meiner at grunnen til at menn slår kvinnfolka sine er at damer sprikar for lite med beina. Med andre ord: viss menn hadde fått pult meir, hadde dei slåss mindre (for då berre sovnar dei??) Han sa vel i same setning òg at viss mennene hadde fått pult kvinnfolka sine meir, hadde dei sluppe å gå til prostituerte òg.