torsdag, juni 02, 2005

FERDIG!
Ferdig med eit slitsamt semester! Eg er nøgd med begge eksamenane mine, her kan eg ikkje få C. Takk for all støtte! Det er fint å vita at folk bryr seg og at eg har gode vener! :)

No skal eg selja Paracet og p-pillar, lesa om Baskarland og Iran og Sovjet og skriva på Krinken-historia. Og vonleg sitja ute i sola om ho kjem snart. Jippi - sommar og skolefri som ho i Junior Melodi Grand Prix sang!

tirsdag, mai 31, 2005

Nervøs
I morgon er det eksamen og eg er nervøs. Tru om eg ikkje hugsar noko om godsøkonomi i middelalderen, eller noko om Pompeius, Crassus og Caesar. Dette er skummelt, og for eit nederlag viss eg ikkje får ein B på ein av desse. Då vert det ingen master på meg. Då stikk eg frå Oslo utan å seia det til nokon, som ei lita mus skal eg pila til Tromsø. Ynsk meg lukke til då!

This page is powered by Blogger. Isn't yours?