søndag, juli 10, 2005

Masteroppgåver
For tida tenkjer eg mykje på kva eg skal skriva master i historie om. Her er nokre framlegg:

1. Kvinner i NKP frå skipinga til etter 2. verdskrig
2. Nei til EU som folkerørsle
3. Sovjetisk-iranske forhold (minus: kan korkje farsi eller russisk, og sjølv om eg skal gå på farsi-kurs i haust, vert det ikkje so mykje.)
4. Baskarar (eg les om basisk nasjonalisme no, sers spanande, men...)

Kanskje eg skulle laga ei røysting her, so kunne de ha røysta på kva de tykkjer er mest interessant. Eg kjem sikkert med fleire idear etter kvart...

This page is powered by Blogger. Isn't yours?