fredag, september 09, 2005

Venstre
Eg meiner det: Venstre er det tammaste partiet som finst. Slagord som: "Oslo som ein meir open og intim storby", og "alle skal verta møtt med respekt", kva tyder det???

Her er ei meining frå BibliotekarNoreg:

Venstre sikrer at Fremskrittspartiet styrer kulturpolitikken.
En må advare bibliotek- og kulturinteresserte velgere mot å la seg forlede av partiet Venstre. I Oslo er det faktisk Venstre som sikrer at Fremskrittspartiet får lov til å styre kulturpolitikken.

Fremskrittspartiets Anette Wiig Bryn er kulturbyråd i Oslo. Dette hadde hun ikke vært uten Venstres støtte. Fremskrittspartiets kulturpolitikk er å avvikle kommunal drift av kulturaktiviteter, herunder teater, bibliotek, kino, kunstsamlinger og konserthus. (Jf. partiets program i Oslo for perioden 2003-2007) Dette skal selges ut til private aktører, og finansieres av lånegebyr og billettinntekter. Dette er jo milevis fra hva venstrevelgerne vil ha. Kulturbyråden i Oslo er vandrende skandale, og hun sitter med Venstres støtte.

Det er nok ikke mange venstrevelgere som vil foretrekke en kulturbyråd fra Fremskrittspartiet, men igjen ser vi at Venstre svikter sine egne velgere. Erfaringen hittil er at Venstre ikke er til å stole på når det gjelder å holde Fremskrittspartiet unna maktposisjoner.

Utdeling for RV

No har eg stått og delt ut flygeblad frå kl. 7-8 (8.30) kvar morgon denne veka på Majorstua. Det er ganske artig. Serleg er det artig å dela ut flygeblad til dei som ser rikast ut. Eg tykkjer det er spanande å sjå korleis dei reagerer, og det kan delast inn slik, trur eg:

1. nei takk, ikkje svar eller ikkje ser på deg
2. ha ha ha ha (spydig latter, men av og til ein usikker latter)
3. Syns de jeg ser ut som en kommunist, da? Det er mange som vert fornærma over at eg i det heile tatt kan tru at dei kunna røysta RV. Det er dei artigaste.

Det er sikkert andre kategoriar òg. I dag var det ein som såg ut som ein uteliggjar som sa at ja, Erling, han er ein bra fyr, og ja, han skulle røysta RV og Erling skulle no ha vore på Tinget for lenge sidan, ja. Då vart eg glad!

This page is powered by Blogger. Isn't yours?