tirsdag, desember 06, 2005
Endeleg!
Endeleg fekk eg òg ein A! Hurra - eg er så glad! På prøveførelesing om "Sovjetunionen sitt forhold til Kina frå 1930-åra til 1970-åra: realpolitiske og ideologiske faktorar". Både Iver B. og Egge var nøgde og gliste (sjølv om dei meinte eg kunne ha sagt noko om Komitern si rolle for Koumintang i den kinesiske borgarkrigen...)
No skal eg ta meg ei øl.

mandag, desember 05, 2005
For dei som ventar på Stalin, kan eg kanskje trøysta med Sovjetunionen sin nasjonalsong.
Forbrukarundersøkjing
Eg let Stalin-sitata vera til ein annan gong. Ikkje at dei er dårlege.
Eg har i det siste (året? etter eg flytta saman med Lars?) freista prøva ut to type merke som har komen på marknaden. Det er FirstPrice og EuroShopper.
Eg er interessert i å vita kva produkt de tykkjer er gode eller ikkje. Her kjem lista mi:
DÅRLEG
FirstPrice oppvaskmiddel
EuroShoppar deodorant (stinkar, tørkar aldri. Kostar 10 kr.)
FirstPrice bomullspinnar
EuroShoppar skinke
EuroShoppar tomat på boks (4, 90)
BRA
FirstPrice tampongar
FirstPrice dopapir
EuroShoppar bomullspads
spagetti
Kva med tannkrem, bind, anna pålegg, jus, vaskemiddel? Eg tek i mot innspel. Kanskje eg til og med gjev ut ei forbrukarsamling til jul?