lørdag, april 01, 2006

I dag er det ein kald dag i Moskva. Eg har tatt paa meg alt for lite klede (dvs. ikkje stilongs) og vinden tek godt paa den raude plassen. Sidan sist har eg faatt jobba ein dag i arkivet, og der er det mykje materiale for oppgaava mi. Eg kjem til aa maatta reisa tilbake til hausten, og i alle fall vera her ein maanad. Men daa maa eg laera meg meir russisk. Hovudutfordringar saa langt er: a) ikkje bruka for mange pengar. Det er mange fine og dyre butikkar her, og kva skal ein stakkar gjera naar arkivet berre har opent anna kvar dag? Eg et og drikk, og det vert det lite pengar att av. b) keisamt aa vera her aaleine. Det er ikkje saa lett aa faa kontakt med folk, men i gaar snakka eg med to franske jenter paa arkivet. (Ho eine tek mastergrad i historie, skriv om forholdet mellom Sovjet og Mongolia i 1921 og 1937. Russiske kjelder, sjoelvsagt. Om ikkje det er ei saers tema, saa veit ikkje eg.) Eg vart tilraadd aa gaa paa ein poebb i naerleiken av der eg bur, for der skulle det visst vera ein del utanlandske studentar paa fredagane. Eg gjekk og gjekk og fann aldri poebben. Eg fann Mac Donalds.... aesj. 3)dusjen der eg bur.

Elles har eg ikjke vorte verva av mafiaen, og dei Lenin-bystene eg har funne er ganske dyre.

onsdag, mars 29, 2006

Nei, eg kan ikkje seia saa mykje meir enn joesse meg. Dette arkivet er virkeleg fraa Sovjet. Eg burde ha ovd meg paa aa skriva "kvinnepolitikk i NKP" paa kyrillisk foer eg drog. Eg maatte fylla ut skjemaet fem gonger foer dama bak disken vart noegd. Heldigvis har dei oel overalt her. Og viss eg kjedar meg, kan eg koyre metro. Det er heilt fantastisk, sjaa paa bileta av stasjonane! Meir kjem seinare.

This page is powered by Blogger. Isn't yours?