mandag, mai 22, 2006

Kidz

Eg vurderer ikkje å få born no, men eg har funne ut favorittnamna mine. Viss eg får ei jente og ein gut skal dei heite Stalina og Slatan.

søndag, mai 21, 2006

Grand Prix

I går prøvde eg (ikkje så veldig hardt vel og merka) å snika meg unna Grand Prix. Motivasjonen min for å snika meg unna var ikkje av den høgkulturelle arten, men heller det at eg er generelt lite interessert i musikk (eg høyrer jo ikkje om folk syng reint eller om dei fylgjer takta) og at alle GP-musikk er lik.

Stor var overraskinga for meg og bebuarane på skrivarloftet då vi såg kor mangfaldig GP har vorte! Og den kor stor den slaviske dominansen er! Og kor stort Europa har vorte. No er til og med Armenia med i Europa. Då er det ikkje lenge før Aserbajdsjan og Georgia og Iran og Kirgisistan er med. Plopp, så vart heile sentral-Asia inkorporert i Europa. Kva skal EU finna på då?

This page is powered by Blogger. Isn't yours?