tirsdag, mai 30, 2006
Ekstremt sjølvskryt
I dag fekk eg A på prøveførelesinga mi. Dette er ein siger for meg, for som dei fleste lesarane av denne bloggen veit, vart det slutt mellom Lars og meg for ei veke sidan. Men det var også ein siger det å meistra pensum. Eg har feira dagen ved å drikka ein del halvlitarar og legg ut eksamensoppgåva mi til glede for andre interesserte. No er det sommarferie!
Prøveførelesing i HIS 4415 - Kommunismens historie
Frå Lenin til Stalin: frå revolusjonær marxisme
til byråkratisk sentralisme?
(....eller var det eit brot eller framhald mellom Lenin og Stalin?)
Gjekk Sovjetunionen under Stalin over frå å vera ein revolusjonær, marxistisk stat slik den hadde vore under Lenin, til å verta ein byråkratisk, sentralistisk stat der avgjerdene vart tekne av byråkratiet? Dette er spørsmålet for førelesinga.
Implisitt i dette spørsmålet ligg ei drøfting av eit kontroversielt og mykje omdiskutert emne i ”sovjetologien”: representerte perioden under Stalin ein kontinuitet eller eit brot med perioden under Lenin? Var overgangen til Stalin ein logisk fylgje av bolsjevismen som ideologi? Eller kan ein peika på andre faktorar i Lenin sin periode som vart ført vidare og gav næring til stalinismen? Eller var overgangen til ”byråkratisk sentralisme” eit brot med den bolsjevikiske tradisjonen under Lenin?
I førelesinga skal eg visa kva fem ulike historieretningar har meint om desse spørsmåla, og problematisera standpunkta deira. Dei fleste historikarane er samde i at det var ein kontinuitet mellom Lenin og Stalin, men usamde i kva denne kontinuiteten bestod i. Den revisjonistiske retninga er den som utfordrar dei andre historieretningane mest, og kjem difor til å få størst plass i førelesinga. Særleg vil perioden med Stalin sin revolusjon ovanfrå, 1928-1932, stå sentralt. I denne perioden står trekka i stalinismen tydlegast fram. Overgangen til Stalin er eit av hovudspørsmåla innanfor forskinga om Komintern, men rammene for førelesinga tillet meg ikkje å koma inn på ein stor diskusjon om emnet. Skulle eg ha gjeve eit utfyllande svar om Komintern, måtte eg ha teke med mange andre faktorar, slik som utanrikspolitiske omsyn, tesen om ”sosialisme i eitt land”, og ulike nasjonale forhold.
Før eg går vidare til presentasjonen av historikarretningane vil eg avklara uttrykka ”revolusjonær marxisme” og ”byråkratisk sentralisme”. I skarp kontrast til den ”revolusjonære marxismen”, der det kommunistiske partiet som fortropp leier arbeidarklassen fram til det klasselause samfunnet, står den ”byråkratiske sentralismen”. Byråkratisk sentralisme spelar på eitt av dei viktigaste prinsippa i den leninistiske partiteorien: demokratisk sentralisme. Men i staden for at fleirtalet i partiet tek avgjerder tufta på ein demokratisk prosess, og som mindretalet må retta seg, vert no avgjerdarane tekne av byråkratiet. Byråkratisk sentralisme er eitt av mange kjenneteikn for stalinismen.
Eit mål for førelesinga er å visa at det er problematisk å forenkla tida frå 1917-1953 til ein periode med ”revolusjonær marxisme” under Lenin og ein periode med ”byråkratisk sentralisme” under Stalin. Vi snakkar om fleire periodar der det politiske og økonomiske innhaldet skiftar, og der det også er mogleg å seia at var ”byråkratisk sentralisme” under Lenin og ”revolusjonær marxisme” under Stalin.
Førelesinga er bygd opp rundt to hovudposisjonar mellom historikarar:
Den fyrste posisjon: Stalin sin politikk var eit logisk framhald av Lenin sin.
Denne posisjonen legg vekt på at det er ein logisk og teleologisk kontinuitet mellom Lenin og Stalin. Utvikling frå ”revolusjonær marxisme” til ”byråkratisk sentralisme” vert eit logisk resultat av bolsjevismen. Den bolsjevikiske ideologien og kommunistpartiet sin organisasjonsstruktur var dei viktigaste årsakene for at Lenin og Stalin heldt på makta. Dette kan vi kalla for essensialistiske forklaringar. Synet vert hevda av ulike tre retningar: den offisielle sovjetiske historieskrivinga, den totalitaristiske, vestlege historieskrivinga etter 2. verdskrig og fram til 1960-70-åra og den nytotalitære historieskrivinga etter at Sovjetunionen brøyt saman.
Den andre posisjonen er ein posisjon som utfordrar dette logiske kontinuitetssynet. Denne posisjonen er representert med to ulike tradisjonar.
For det fyrste har vi den trotskistiske posisjonen som har inspirert historikarar. Trotskij meinte at Stalin var eit framhald av Lenin. Men Trotskij formulerte sin eigen ideologisk kritikk av Stalin, og der Stalin passa inn i eit kontinuitetsyn ut frå ideen om den permanente revolusjonen. Det viktigaste med Trotskij var likevel at han var den som tydlegast og tidlegast formulerte kritikken om at det hadde utvikla seg eit byråkratisk sjikt i Sovjetunionen som fylgje av Stalin sin politikk.
For det andre har vi den revisjonistiske historieskrivinga på 1960-1970-talet. Historikarar som til dømes Stephen Cohen godtok ikkje at det var ein logisk, ideologisk fylgje av bolsjevismen at stalinismen oppstod. Revisjonistane leita etter kontekstuelle forklaringar, altså at om dei fant årsaker til brot eller kontinuitet i den historiske konteksten. Særleg såg dei på tidlegare epokar under Lenin, NEP-tida og borgarkrigstida, og på samspelet mellom staten og folket.
Då har eg presentert kort dei fem ulike historikartradisjonane. No vil eg gå vidare og drøfta desse opp mot kvarandre.
Den offisielle sovjetiske historieskrivinga
Den offisielle sovjetiske historieskrivinga hevda at det ikkje var noko brot mellom Lenin og Stalin. Lenin la grunnlaget for Sovjetunionen, og Stalin førte vidare Lenin si vilje og ideologi. I den offisielle partihistoria til det sovjetiske kommunistpartiet er dette framhaldet tydleg. Stalin er den teoretikaren som fører vidare marxist-leninismen. Boka byggjer opp ein personkultus rundt Stalin, der det var Stalin som personleg stod bak oppbyggjinga i Sovjetunionen, kollektiviseringa i jordbruket og industrisatsinga. Stalin vert framstilt utan at kulten av Lenin vert bryte ned: Stalin var den rette overtakaren etter Lenin. SUKP (bolsjevikenes) historie – kort framstilling (1938) var viktig òg fordi ho var den offisielle versjonen som millionar av sovjetborgarar forheldt seg til i opplæringa av marxist-leninismen.
Etter Khrusjtsjov sin ”hemmelege” tale og oppgjeret med Stalin i 1956 kom ei ny og revidert utgåve av partihistoria. Ho la vekt på den kollektive leiarskapen der partiet vart framstilt som den viktigaste leiaren for arbeidarklassen. Stalin var ikkje direkte kritisert i den reviderte historieboka, men kritisert for ”personkultus” og for å bryte leninistiske prinsipp.
Synet om at Stalin var den logiske arvtakaren etter Lenin spreidde seg òg i den kommunistiske rørsla, gjennom avdelingane i Komintern. NKP, den norske avdelinga av Komintern, gav i 1934 ut ein tekst som understrekar kontinuiteten mellom Lenin og Stalin. Eg siterer: ”Lenin skapte sovjetstaten, på et grunnlag av brorskap mellem folkene. Stalin leder den seierrike opbygging av sosialismen i Sovjetunionen.”
Den vestlege forskinga
Den vestlege forskinga om Sovjetunionen byrja for alvor i 1950-åra. Forskinga var hovudsakleg statsvitskapleg og krinsa rundt ein idealtypisk totalitarisme-teori, representert ved Hannah Arendt. I denne teorien vart kommunisme samanlikna med nazisme og fascisme. Retninga oppstod i den kalde krigen, og stalinismen og bolsjevismen vart både motstykke til den vestlege demokratiet politisk og i historiefaget.
I fylgje denne retninga var utgangspunktet for bolsjevikane si maktovertaking allereie skissert opp i Lenin si bok Hva må gjøres? frå 1902. Då bolsjevikane fekk makta i oktoberrevolusjonen vart dei politiske prosessane erstatta av eit partidiktatur, som sikra regimet vidare kontroll med samfunnet.
Eit anna viktig poeng for totalitaristane var forholdet mellom stat og samfunn. Innan for denne modellen var massane atomiserte og passive, og samfunnet var eit offer for det aggressive, sovjetiske kommunistpartiet som freistar å endra samfunnet i tråd med marxist-leninismen. Stalin sin terror og revolusjonen ovanfrå vert dimed ein logisk fylgje av bolsjevismen og mobiliseringa av dei passive massane.
Eit tredje poeng for totalitaristane var dei personalistiske forklaringane. Stalin og Lenin vart av forskarar som Tucker og Possony tillagt ymse psykologiske eigenskapar som diktatorar. Desse personalistiske forklaringane fann vi som sagt også i den sovjetiske historieforståinga, men der var Stalin og Lenin tillagt heilt andre eigenskapar.
Den totalitaristiske retninga er ei stor gruppe historikarar. Men det fanst historikarar innanfor gruppa som reformulerte totalismeteorien, slik som Edward Hallett Carr, ein av dei mest kjende forskarar om Komintern. Han meinte at Stalin med revolusjonen ovanfrå fullførte Lenin sin politikk. Men på andre område utfordra han biletet av den byråkratiske sentralisme. Han meinte t.d. at det eksisterte eit spelerom for sjølvstendig handling både i Komintern sitt hovudkvarter og for dei nasjonale avdelingane.
Den nytotalitære historieskrivinga etter Sovjetunionens samanbrot
Etter arkiva vart opna og at Sovjetunionen brøyt saman oppstod ei tredje retning som òg hevdar det var eit framhaldet mellom Lenin og Stalin. Synet har også fått oppslutnad mellom russiske historikarar, der Martin Malia er ein representant. Han framstiller Russland som eit ”passivt objekt” som passa for bolsjevikane sitt ideologiske program og maktstyre.
Den nytotalitære historieskrivinga meiner at det var ideologien som førte til at Sovjetunionen brøyt saman. Desse historikarane går tilbake til 1917, og meiner at oktoberrevolusjonen var eit resultat av eit kupp. Innanfor dette synet vert ikkje Stalin sin politikk noko ”forræderi” mot Lenin og revolusjonen, slik som vi skal sjå at Trotskji hevda. Det var heller snakk om ei fullføring av ein ”pervers logikk i eit umogleg utopia”. Dei nytotalitære såg på andre sida ikkje nokre alternativ som kunne ha ført til at Sovjetunionen vart demokratisk: sjølve marxist-leninsmen var totalitær og prosjektet var dømt til undergang.
Så langt har vi sett på dei tre tradisjonane som hevder at det er ein meir eller mindre ideologisk kontinuitet mellom Lenin og Stalin. No skal vi gå over til dei retningane som klårast stiller spørsmålsteikn ved dette.
Den trotskistiske posisjonen
Allereie på 30-talet fanst det ein kritikk av Stalin sitt styre. Kritikken kom frå venstresida og frå anti-stalinistiske kommunistar, ved Leo Trotskij. Trotskij gav ei politisk analyse av samtida, men ho har inspirert mange historikarar.
Sovjetunionen var ein arbeidarstat, men ein degenerert, meinte Trotskij. I staden for at det var arbeidarklassen som hadde kontrollen i samfunnet, var det Stalin sitt nye byråkrati som hadde makta. Dette var fyrst og fremst eit resultat av Stalin sin politikk. Men byråkratiet var ikkje ein ny utbyttarklasse, dei var eit priviligert sjikt, som levde som ”sosiale parasittar” i samfunnet. Stalin lente seg på dei øvste laga i samfunnet mot dei lågaste og omvendt for å få makta i si eiga hand, meinte Trotskij.
Stalin si maktovertaking og degeneringa av det bolsjevikiske partiet var ikkje ein kontrarevolusjon, men ein reaksjon i den permanente revolusjonen, Trotskij sin ide om ein samanhengjande, men ujamn, revolusjon under proletariatet si leiing. Sovjetunionen var eit overgangssamfunn og kunne verta sosialistisk viss arbeidarklassen gjennomførte ein ny revolusjon og tok makta frå byråkratiet. Men sjølv om Stalin førte ein feil politikk, meinte Trotskij at Stalin sitt styre i hovudsak var eit framhald av Lenin sitt.
Den trotskistiske kritikken gjaldt òg for Komintern. Standpunktet var at Komintern gjekk frå ein ”frisk” og levdeyktig organisasjon under Lenin til Stalin, og var eit brot mot den ”internasjonalistiske proletarismen”. Desse standpunkta stod historikarar som Isac Deutscher og Lev Davidovich for.
Den revisjonistiske historieskrivinga frå 1960- og 70-talet.
Den revisjonistiske historieretning oppstod på 1960-70-talet som eit resultat av fleire faktorar. Khrusjtsjovs fordømming av Stalin og ”tøveret” i kulturpolitikken gjorde at fleire kunne undersøkja arkiva i Sovjet, og det opna for eit empirisk tufta studie av Sovjetunionen. Men det viktigaste var at det hadde vokse fram ein generasjon av historikarar på eit felt som tidlegare hadde vore dominert av statsvitarar. Det å skriva sosialhistorie, ”history from below”, vart ein av måtane dei kunne skilja seg frå statsvitarane sin totalitarismemodell på.
Revisjonistane utfordra dei andre historieretningane hovudsakleg på to forskingsfelt.
For det fyrste meinte dei at ein måtte studera den historiske stalinismen for seg sjølv, som ein eigen periode. Ein ikkje berre studera stalinismen som ein ”naturleg ideologisk arvtakar” av perioden før. Revisjonistane leita etter andre forklaringar i perioden under Lenin for å finna ut kva som kunne vera brotet eller framhaldet til stalinismen. For det andre måtte ein studera stalinismen på mange samfunnsområde, og sjå nærmare på interaksjonen mellom stat og samfunn.
Korleis dei gjorde det, skal eg sjå vidare på no.
Cohen meinte at bolsjevismen inneheldt andre røter som ikkje førte fram til stalinismen, og stalinismen fann røter i andre periodar under Lenin og i den russiske historia. Kva kunne desse røtene vera i fylgje revisjonistane?
Tilhengjarane av kontinuitetsteorien meinte at krigskommunismen var eit forsøk på å realisera partiet sine ideologiske målsetnader. Cohen er usamd i dette synet. Politikken under krigskommunismen vart ideologisert i ettertid, og var i utgangspunktet ikkje planlagt eller ein ideologisk målsetnad. Viss det var noko som var planlagt, så vart det NEP-politikken, meinte Cohen. Det var korkje ein taktisk manøver eller eit pusterom, men ein gjennomtenkt politikk frå bolsjevikane si side. Og det var her Stalin brøyt med den bolsjevikiske politikken då han sette i gong revolusjonen ovanfrå, meiner Cohen. I fylgje han er det altså tvilsamt å trekkja ein kontinuitet frå NEP-perioden og til Stalin.
Både Sheila Fitzpatrick og Moshe Lewin har vore interesserte i å finna ut om stalinismen kan sjåast på som ei fortsetjing av borgarkrigstida. Det er openberre likskapar mellom dei to periodane: i begge periodane vart det sett i gong ei omfattande planstyring av økonomien, eliminering av privatindustrien og periodar med stor sosial konfrontasjon. Sjølv om Fitzpatrick åtvarer mot trekkja samanlikninga for langt, kan ein seia at det eksisterte ei kollektiv røynsle i samfunnet om mellom anna statleg kontroll over økonomien.
Andre revisjonistar har hevda at det var utviklinga under NEP-perioden som gjorde det naudsynt for staten å venda tilbake til den byråkratiske sentralismen som eksisterte under krigskommunismen. Ein grunn var at den statlege kontrollen over politi og ordensvesenet hadde blitt så veik under NEP-perioden at den fungerte nærmast vilkårleg. Ein annan grunn var det økonomiske. Regimet sin kontroll over økonomien kompromitterte deira eige maktgrunnlag ved at det mellom anna oppstod korrupsjon i statsapparatet. Her har vi to av fleire grunnar til at den ”byråkratiske sentralismen” og oppstod i den stalinistiske perioden.
Det andre forskingsfeltet for revisjonistane handla om forholdet mellom stat og samfunn, om sosial samhandling mellom nivåa i samfunnet.
Som nemnt såg den totalitaristiske historikarretninga på samfunnet som atomisert og ein passiv mottakar av ordre frå partiet. Revisjonistane ville i motsetning studera interaksjonen, og såg mellom anna på forholda mellom by og land. Men historikaren Meyer åtvarar mot ei slik historiografisk forenkling: han meiner at revisjonistane ikkje ”oppdaga” samfunnet, men at totalitaristane også var opptekne av samfunnet, og argumenterer med at det t.d. vart gjort forsking på fangeleirane i Sovjetunionen allereie på 1950-talet.
Korleis såg revisjonistane på den ”byråkratiske sentralismen”? Ein del revisjonistar delte den trotskistiske forståinga om eit nytt, øvre sjikt i Sovjetunionen. Samstundes understreka andre revisjonistar at det alltid ville vera eit sosialt hierarki i eit samfunn. Sheila Fitzpatrick peika på den sosiale mobiliteten oppover i samfunnssystemet under stalinismen som årsak til den nye nomenklaturaen og deira privilegia. Den sosiale mobiliteten var eit resultat av klassekrigen påført ”ovanfrå”, men mobiliteten gav seg òg utslag i spontane uttrykk som ikkje var sett i gong av staten. Den kraftige urbaniseringa førte til endringar i dei sosiale strukturane i byane og på bygda. Fitzpatrick meiner at staten freista å løysa desse sosiale problema ved å ty til tvangsmakt. Totalitaristane meinte at staten måtte løysa motstanden mot regimet, og det var difor dei brukte tvangsmidlar. Her ser vi nok ein gong korleis revisjonistane utfordra totalitaristane sitt syn.
Eit anna viktig spørsmål for revisjonistane var Stalin sin revolusjon ovanfrå. Stalin brukte sjølv omgrepet ”revolusjon ovanfrå”, men revisjonistane påpeika at det fanst eit ynskje i folket for endring i frå den nye klassedelinga i NEP-perioden. Mange ”lengta” tilbake til den revolusjonære iveren som prega Sovjet-samfunnet etter oktoberrevolusjon. Klassekrigspolitikken var difor ein politikk som fann klangbotn i folket, og den entusiasmen som vart skapt fekk òg uttrykk i kulturlivet der mange initiativ kom nedanfrå, utan at partiet eller staten hadde avgjort det. Den ”revolusjonære marxismen” viste seg altså att i perioden under Stalin.
Også innanfor forskinga om Komintern har dei revisjonistiske perspektiva om å studera interaksjonen mellom dei nasjonale kommunistpartia og Moskva, både ”from below” og ”from above” fått gjennomslag. Representantar for dette synet er mellom anna McDermott og Agnew. Dei utfordrar den tradisjonelle forståinga om at avdelingane berre eksisterte for å forsvara Sovjetunionen utanrikspolitisk, ved å sjå at dei nasjonale avdelingane kunne ta eigne avgjerder både på 1920- og 30- talet. Det gjekk altså an å ha ein viss grad av sjølvstyre, trass i at bolsjeviseringa og sentraliseringa av dei nasjonale avdelingane byrja så tidleg som i 1921. Den ”byråkratiske sentralismen” byrja for Komintern altså under Lenin.
Avslutning
I førelesinga har eg prøvd å visa korleis ulike historieretningar har stilt seg til spørsmålet om brot eller kontinuitet frå Lenin til Stalin. Dei fleste historikarar meiner altså at det fanst ein kontinuitet. Stridsspørsmålet er kva denne kontinuiteten er og kva politiske syn som historikarane har for å hevda denne kontinuiteten. Men som vi har sett er det mogleg å utfordra det teleologiske synet, slik som revisjonistane har gjort. Studiet av interaksjonen mellom staten og folket har vore med på å utdjupa biletet av Sovjetsamfunnet, og gjeve oss andre forklaringar på kvifor det skjedde ei utvikling til ein meir byråkratisk sentralisert stat under Stalin, enn at det berre var ein ideologisk fylgje av bolsjevismen.
Eg har også vist at vi har å gjera med ulike periodar, der den ”revolusjonære marxismen” og den ”byråkratiske sentralismen” var tilstades under periodane til både Lenin og Stalin. Men for å avslutta: vi må ikkje misforstå den revisjonistiske historieskrivinga. Å seia at det ikkje skjedde ei ”byråkratisk sentralisering” under Stalin vil vera ei feil historieskriving. Dette er både revisjonistane og totalitaristane samde om.
Litteratur:
Arvich, Paul, ”The Short Course and Soviet Historiography” i Political Science Quarterly, vol 75, nr. 4, des. 1960, s. 539-553
Brakstad, Ingjerd Veiden, ””Rosverdige” prinsipper, utvikling og terror – stalinismebegrepet i historieforskningen”, i Fortid, nr. 2-2006, s. 21-23
Cohen, Stephen, ”Bolshevism and Stalinism” i Tucker, Robert (red.), Stalinism, 1977
Egge, Åsmund, Fra Alexander II til Boris Jeltsin, 1993
Fitzpatrick, Sheila: ”New Perspectives on Stalinism” i Russisan Review, 1986
Fitzpatrick, Sheila, ”The Legacy of the Civil War”, i Koenker, D. (red.), Party, State and Society in the Russian Civil War: Explorations in Social History, 1989, s. 385-397
Maila, Martin, The Soviet Tragedy; A History of Socialism in Russia, 1994, s. 491-504
McDermott, Kevin og Jeremy Agnew, The Comintern. A History of International Communism from Lenin to Stalin, 1996
McLellan, David, Marxism after Marx, 1998
Meyer, Alfred G., ”Coming to Terms with the Past”, i The Russian Review, 1986, s. 401-408
Rosenberg, William G., ”Ch. 18: Conclusion. Understanding NEP Society and Culture in the Light of New Research”, i S. Fitzpatrick og R. Stites (red.), Russia in the Era of NEP. Explorations in Soviet Society and Culture, 1991, 310-320.
Sovjetunionens kommunistiske partis (bolsjevikenes) historie – Kort framstilling, Forlaget Oktober, 1974
Trotskij, Leo, Den permanenta revolutionens epok. En antologi av Isaac Deutscher, 1969.