torsdag, juni 22, 2006

Hei, det går bra!

For tida har eg mange ting å gleda meg over. Her er topp 10-lista:

1. har flytta - 5 høgder opp i siloen - kom på besøk om nokre dagar! (Rom 1215)
2. Åsmund Egge spurte meg om å halda eit innlegg på eit seminar i oktober om Komintern og Noreg, med moglegheiter for publisering av artikkel etterpå. Med russiske og norske historikarar til stades (merk, merk!)
3. det er deilig å vera singel!
4. ny, stor TV på hybelen. Tek heile rommet.
5. det er meldt fint ver i neste veke: grillings!
6. Inger Johanne var her i helga, det var veldig bra. Alltid moro!
7. Sverige kom vidare i VM!
8. Ylva har fått unge, sjå bilete
9. bror min flyttar til Oslo om ei veke
10. lønning 20. juli: den vert STOR!

(Dette var vel litt artigare enn i-pod listene som florerte bloggverda for ei stund sidan, var det ikkje??)

søndag, juni 18, 2006

Dei stakkars afghanarane


Besøk heimesida til dei sveltestreikande afghanarane her, og skriv under oppropet til Bjarne føkkings Håkon Hansen her.

For tida er eg utruleg glad for at eg ikkje er med i, eller røysta på, nokre av regjeringspartia. Berre så det er sagt.

This page is powered by Blogger. Isn't yours?