onsdag, september 27, 2006
NKP og nynorsk
Er det nokon som veit noko om kva NKP meinte om målsaki?
Eg i grunnen ikkje tenkt på det før, men alt er på stivt riksmål og eg har rekna med at dei meinte at det var det same om det var gryten eller gryta, så lenge arbeidarklassen fekk mat.
I dag kom eg over tre ting som handlar om nynorsk og som er litt på sida av målsaka.
1. Oslo mållag. Sekretariatet til NKP 1927. "Ref. skrivelse fra Oslo maallag til kamerat Stang hvori forespørres om hans stilling til maaspørsmålet. Beslutning: Kamerat Stang anmodes om aa avgi en uttalelse i saken."
2. Arbeid i SmiO. Då NKP-leiinga tek eit oppgjer med Mot dag-fraksjonen og gjer ein deal med dei. Viss dei går ut av NKP, kan dei få halda på med alt av studentarbeid så lenge dei ikkje plagar NKP. "Følgende opgaver blev presisert:
A) arbeidet i studentersamfunnet i Oslo, Trondheim, Aas og Bergen samt andre steder hvor studentergrupper naturlig kan dannes
(...)
c) arbeidet i Studentermaallaet, Bondeungdomslaget, Landsgymnas, Lærerskoler, frilynde ungdomslag osv."
(Les SmiO-soga for utfyllande informasjon om Mot Dag i Studentersamfundet!)
3. og til det som er litt på sida, men det er jo nabobygningen til BUL Oslo:
"Centrum bostedscelle som paa møte ikveld diskuterte spørsmaalet om rivningen av Rosenkrantzgaten 10 til fordel for reisningen av det nye teater bragte spørsmaalet inn for sekretariatet til avgjørelse. Kamerat Ording redegjorde for saken. I debatten deltok Arnulf Øverland, Hansen, Ring, Falk, Aasvestad m.fl.
Ring fremsette følgende forslag:
”Partiet har ingen interesse av at hindre bygningen av det nye teater naar selskapet gir leieboerne beskyttelse i form av nye leiligheter og anden materiel støtte saaledes at ingen av leieboerne blir skadelidende.”
Elles:
har eg fått meg tre tyske venar og lånekort på det statlege bibilioteket, som visstnok skal ha ein av dei største samlingane med bøker i verda, 20 millionar.

mandag, september 25, 2006
Meir historie: no for folk som er interesserte i historisk revisjonisme
På fredag var eg ein pøbb der dei utanlandske historiestudentane i Moskva samlast kvar fredag. Der var sjølvaste Gabor Thomas Rittersporn, ein av dei mest kjende "sovjetologane". Eg har hatt Rittersporn på pensum med artikkelen "The omnipresent Conspiracy" i Getty og Manning: Stalinist Terror, New Perspectives, 1993, som handlar om korleis terroren breidde seg i det sovjetiske folket, og at folk såg "terror" og "klassefiendar" overalt, ofte utan grunnlag. Terroren var altomfattande, og førte til at ein sladra på naboen, sjølv om naboen var like mykje proletar som ein sjølv. Med det resultat at naboen hamna i ein eller annan arbeidsleir i Sibir.
Rittersporn er kanskje den mest kjende revisjonisten innanfor forskinga på stalinismen. At han er revisjonist tyder at han tok eit oppgjer med den rådande historieskrivinga som var ideologifokusert: kommunismen var ond, difor var Stalin ond osv. Rittersporn ville gå til kjeldene for å finna ut kva som skjedde under terroren og særleg var det spørsmålet om kor mange som døde i GULag-leire som var interessant for han. Etter at han hadde forska på sovjetisk materiale, kom han opp med tal som var heilt andre enn t.d. Robert Conquest, som hadde eit usannsynleg høgt tal døde.
Det som er kjernepunktet for Rittersorn er at Stalin ikkje sette i gong terroren for å reinska ut alle partikadrar for å befesta sin eigen posisjon, men at konfliktane brøyt ut då kadrane i SUKP(-b) skulle gjennomføra den forserte industrialiseringa og kolektiviseringa på den eine sida og med konfliktane med massane på den andre.
Eg vil gjerne vita meir om Rittersporn. Diverre har eg gullfiskhjerne så eg hugsar ikkje så mykje frå kvalifiseringsoppgåva eg skreiv eller pensumet eg har lese. Eg har høyrt at han er Holocoust-revisjonist og at han hadde ein oppheita debatt med ein Knösler eller noko sånt. Og er han ven eller uven med Götz Aly, Astrid? (Eller kva han heiter). Eg opnar for diskusjon!
Ps.
Uansett, Rittersporn er ein ekte 68-ar. Dvs at han var med i studentopprøret på Sourbonne-universitetet. Berre det gjer han litt stilig. Og at han dukkar opp på ein pøbb saman med historiestudentar.