fredag, oktober 27, 2006
Eva Marie i St. Petersburg (!) - bilete 1 Her ser de meg på kryssaren Aurora i St. Petersburg. For dei som kan si historie om den russiske revolusjonen så veit de at dette fartøyet ga startsskota (skota, ja) for åtaka på tsaren i oktoberrevolusjonen. Aurora skal visst også ha vore så viktig for russarane at dei sank skipet for at tyskarane ikkje skulle få tak i det under den store fedrelandskrigen (2. verdskrig). Det er difor eit viktig skip i sovjetisk historie.
Ein grunn til at eg er oppteken av Aurora var at skipet var på turne i Europa i 1928. Norges Kommunistblad onsdag 1. august dekkja Aurora sitt besøk på heile framsida, med bilete og med fråsegn både på norsk og russisk.
Eg siterer frå nyhendeteksten:
”Den russiske krysser ”Aurora” som idag ankom Oslo, spillet i sin tid en meget stor rolle i den russiske revolusjon. Det var nemlig den som åpnet beskytningen på Vinterpalasset i Leningrad. – Dette var kl. 9 om aftenen den 7. november 1917. Kl. 6,30 hadde man stillet det ultimatium til besetningen i Vinterpalasset at hvis de ikke overgav sig vilde man åpne beskytningen. Dette ultimatium var underskrevet av de 9 medlemmer i Petrograds krigsrevolusjonære komite. Besetningen på Vinterpalasset fikk en betningstid på 20 min. Da denne var utløpet blev der anmodet om ytterligere betenkningstid, hvilket blev innvilget. Da der kl. 9 om aftenen ennu ikke forelå noe svar på det fremsatte ultimatium åpnet man beskytningen på Vinterpalasset med et løst skudd fra Peter-Paul-festningen og et løst skudd fra en av ”Aurora”s kanoner.
Straks efter åpnet man geværilden og kanonaden som varte til 10. Kl. 11 begynte man beskytningen igjen og den varte nu et par timer. Ved 2-tiden om natten var Vinterpalasset inntatt og dermed var Petrograds skjebne avgjort.”
Jøss, det er dramatisk, tenkjer du kanskje. Men berre les vidare om Aurora si rolle i kampen mot den imperialistiske krigen mot Sovjetunionen. Sitat frå fråsegna frå NKP:
”Kamerater, røde matroser! Vi vet at dere til enhver tid står beredt til å gi deres liv og blod for proletariatets socialistiske fedreland og dermed det internasjonale proleteriatet. Vi vet, at dere ikke vi svikte et øieblikk, men at dere med kampbegeistring og seiersvilje vil kjempe til siste mann mot det imperialistiske morderpakk – om krigen skulde bryte ut.
Vi på vår side sverger dere å gjøre alt hvad vi kan for å befeste broderbåndet mellom Sovjet-Unionen og proletariatet i Norge, og at vi sammen med dere og alle verdens proletarer skal rette alt inn på å forhindre den truende krig, i tilfelle forvandle den til vår hellige borgerkrig, slik som Lenin lærte oss.”
Eva Marie i Moskva - bilete 4Her heng eg saman med nokre gutar vi traff då eg og Mass drakk ein eller to Sibirskaja Korona (favorittølet mitt) utanfor ein kiosk ein sein kveld. Dei var ganske artige. Han eldste var visst Afghanistan-veteran. Og gutane spanderte øl på oss og vi kommuniserte litt på dårleg engelsk og endå dårlegare russisk. Ja, ja. Folkelivet, gitt.
tirsdag, oktober 24, 2006
Eva Marie i Moskva - bilete 3Her står eg under ein ganske stor statue av vår alles far, herr. Lenin. Bak kan de skimta ein av paviljongane på det all-russiske utstillingssenteret, VDNKh (Vystavka Dostizheny Narodnogo Khozyaystva CCCP - orsak den manglande norske transkriperinga).
Dette er ein av dei mest fantastiske plassane i Moskva etter mi meining. VDNKh er, bortsett frå å vera eit transportknutepunkt i nord-Moskva, ein gigantisk park som er 2 km lang og 1 km brei som vart opna i 1930-åra i samband med verdsutstillinga. Parken vart vidare utvida i 50- og 60-åra og hadde som føremål å representera mangfaldet i dei økonomiske framstega i Sovjetunionen. VDNKh består av over 100 paviljongar i ulike storleikar der kvar og ein skal representera eit tema eller ein del av unionen. Såleis har ein paviljongen for Armenia, jordbruk, metallurgi osv. I tillegg inneheld parken to Aeroflot-fly og eit romskip. No er parken (diverre, tykkjer eg) ganske forfalt, sidan russarane ikkje har investert i oppussing av parken etter at Sovjet brøyt saman. Inni desse paviljongane er det no butikkar der ein kan kjøpa alt ein ikkje vil ha.
mandag, oktober 23, 2006
Eva Marie i Moskva - bilete 2 Ja, her ser de frk. Mathisen på den raude plass, gitt. Og bak meg her, kva har vi her??
Jau, vår alles far, herr. Lenin.
Innleiinga mi
Her kjem innlegget mitt som eg heldt på seminaret til Egge, torsdag 19. oktober, til glede for Jokke og andre lesarar. Diverre kjem ikkje fotnotane med. Ei omvølt utgåve kjem i Mål og Makt før jul.
Moskva og norsk arbeidarkvinnerørsle 1920-1928
Eg skal snakka om forholdet mellom Moskva og norsk arbeidarkvinnerørsle på 1920-talet. Sidan eg skriv masteroppgåve om NKP kjem eg til å snakka mest om dei, men Arbeidarpartiet si kvinneorganisering vil vera hovudfokuset før splittinga i november 1923. Eg har vald å stoppa rundt 1929-1930 fordi det skjedde ein tydleg nedgang i kvinnearbeidet i NKP på slutten av 20-talet.
Disponering av innlegget
Eg har delt innlegget opp i fire delar.
1. Eg vil byrja innlegget med å seia noko om dei tidlegaste organiseringane av arbeidarkvinner, og om nedlegginga av Arbeidarpartiet sin landsomfemnande kvinneorganisasjon, Kvindeforbundet, i februar 1923, og stoda ved splittinga i november same år.
2. I den andre delen vil eg seia noko kort om dei viktigaste institusjonane i kvinnearbeidet i NKP: Kvinnesekretariatet, husmorlaga og avisa Gnisten. Dette var institusjonar som dreiv kvinnearbeidet framover, som var ”limet” i arbeidet mellom kvinnene.
3. I den tredje delen av innlegget vil eg fokusera på to utfordringar for kvinnearbeidet. Måten NKP løyser desse utfordringane gjev oss ein peikepinn på korleis dei forheldt seg til instruksjonane frå Moskva, kva Moskva meinte om arbeidet og korleis NKP implementerte vedtaka frå det Internasjonale Kvinnesekretariatet, forkorta til IKS.
a) Det er for det fyrste NKP si utfordring med å nærma seg dei kvinnelege industriarbeidarane. Korleis skulle ein rekruttera fleire kvinnelege industriarbeidarar, og korleis fekk ein dei til å skjøna at det var det kommunistiske partiet som best forsvarte deira interesser? Den marxistiske klasseanalysen stilte jo opp industriarbeidarane som den mest framskredne delen av arbeidarklassen, men de fleste norske kvinner var nettopp ikkje tilsette i industrien.
b) For det andre var utfordringa for kvinnearbeidet å koma seg bort frå dei gamle kvinneforeiningane til DNA, utan å mista medlemer. Som eit nytt parti måtte NKP byggja opp si eiga kvinnerørsle som skilde seg frå dei borgarlege og DNA sine kvinnerørsler. Løysinga vart å laga proletariske husmorlag som skulle vera masseorganisasjonar for husmødre. Laga skulle vera ”upolitiske”, dvs at medlemene ikkje trong vera partimedlemer, men samstundes skulle ein få medlemene til å arbeida for det kommunistiske partiet.
4. I den fjerde og siste delen av innlegget vil eg sjå på overgangen til den tredje perioden i Komintern og på nedgangen i kvinnearbeidet.
1. Bakgrunn: perioden fram til 1923. Tidlegare arbeidarkvinneorganiseringar og DNA si kvinneorganisering.
Lat oss starta med bakgrunnsinformasjon om arbeidarkvinneorganiseringa i Noreg.
Dei tidlegaste arbeidarkvinneforeiningane var fagforeiningar berre for kvinner. I 1895 vart ”Den socialdemokratiske Kvindeforening” skipa i Kristiania. I avisa Social-demokraten to dagar etter skipinga kunne ein lesa at ”En kvindeforening til utførelse av håndarbeider i partiøiemed stiftedes innen Det norske Arbeiderparti onsdag aften.” Kvinner var altså med i partiet som økonomiske og moralske støttespelarar for dei mannlege partimedlemene.
I 1901 vart Arbeidarpartiet sitt Kvindeforbund skipa, og i 1909 vart det eit landsomfemnande forbund. Kvindeforbundet var ei særorganisering i partiet, med eit eige sentralstyret og landsstyre, og landsmøte som høgste organ. Men ein trong ikkje å vera medlem i DNA for å vera medlem i ei kvinneforeining. Og ein kunne vera kvinneleg medlem i DNA utan å vera medlem i ei kvinneforeining. Kvindeforbundet utvikla seg politisk frå å eksistera for å skaffa DNA innkomer, til å jobba med politiske saker, t.d. røysterett for kvinner og mødrehygienekontor.
Vedtaket frå Komintern og nedlegging av Kvindeforbundet
På den 3. verdskongressen i Komintern i 1921 vart ”Richtlinien für die kommunistische Frauenbewegung” vedteke. Desse retningslinjene for arbeidet mellom kvinnene slo fast dei politiske og organisatoriske oppgåvene for avdelingane i Komintern. Dei kvinnelege medlemene i dei kommunistiske partia skulle ikkje vera samanslutta i eigne foreiningar, men vera medlemer med same rettar og pliktar som dei mannlege medlemene. Særskilde kvinneorganiseringar måtte dimed oppløysast.
Som fylgje av dette vedtaket starta Arbeidarpartiet året etter ein prosess for å leggja ned Kvindeforbundet. Kvindeforbundet skulle leggjast ned seinast 1. januar 1923, og all organisasjon og agitasjon skulle leggjast under DNA. Dei lokale kvinneforeiningane skulle verta tilslutta by- eller heradspartiet som grupper. I by-, herad- og fylkespartia sine styre burde det vera minst ei kvinne, og det skulle setjast ned kvinneutval (med mannlege og kvinnelege medlemer) som skulle leggja planar for arbeidet mellom kvinnene. Desse kvinneutvala stod under partiavdelingane sin kontroll, og dei skulle rapportera til kvinnesekretariatet sentralt.
Sentralstyret skulle velja eit utval på 7 medlemer: 4 kvinnelege og 3 mannlege som til saman var kvinnesekretariatet, og som hadde oppgåver som å t.d. hjelpa kvinneforeiningar i studiearbeidet deira og gje ut avisa Arbeiderkvinden. Ein av dei kvinnelege medlemene skulle vera medlem i sentralstyret. I tillegg til dette skulle det innførast kvinnespalter i alle partiavisene.
Kvindeforbundet vart oppløyst 23. februar 1923, før DNA sitt landsmøte. Berre to kvinneforeiningar kom med framlegg om å oppretthalda Kvindeforbundet.
Ved splittinga i november eksisterte framleis mange av dei lokale kvinneforeiningane, og dei fleste av desse valde å fylgja DNA. Det er uvisse tal på kor mange som fylgde NKP. Einhart Lorenz meiner at ein stad mellom 13-40 av 160 foreiningar fylgde NKP.
2. NKPs kvinnepolitikk
No vil eg gå over til å snakka om dei viktigaste institusjonane i kvinnearbeidet i NKP: kvinnesekretariatet, avisa Gnisten og husmorlaga.
Fyrst vil eg understreka at kvinnene var aktive i det ålmenne partiarbeidet, men særleg i partiarbeid som vart rekna som ”spesielt” for kvinner. Dette var t.d. berging av ein trong partiøkonomi, humanitære aksjonar, arbeid for mødrehygienekontor, rettar i høve til abort, lik løn og fagorganisering for kvinner. Ei generell haldning frå dei mannlege medlemmene om at kvinnearbeid var eit mindre viktig politisk arbeid kjem fleire gongar til syne gjennom kjeldene eg har lese, særleg i Gnisten.
1. Kvinnesekretariatet
NKP sitt kvinnesekretariat hadde mange av dei same oppgåvene som kvinnesekretariatet i DNA. Sekretariatet var direkte underlagt sentralstyret, og kvinnesekretæren sat i sentralstyret og seinare i pol.byrået. Dette var ei lønna stilling, som Jeanette Olsen hadde til 1928. Etter henne overtok Olga Andersen.
2. Gnisten
Ei av dei viktigaste oppgåvene for Kvinnesekretariatet var å gje ut avisa Gnisten.
Dette vart ei viktig og populær avis, som eksisterte frå 1925-1930 og hadde eit opplag på rundt 2000-3000 eksemplar. Avisa vart skipa opp grunna misnøya med dei kvinnespaltene som fanst i nokre partiaviser, slik som i Norges Kommunistblad og i Arbeidet. Kvinnesekretariatet måtte gong på gong minna redaktørane på at dei skulle ha eigne spalter for kvinner.
Retningslinjene til Komintern slo fast at ei av oppgåvene til kvinnesekretariatet var å gje ut eit tidsskrift som skulle skulera ”de kvindelige kammerater teoretisk og opdrage dem til en dybere forståelse av af kommunismen”. Men trass i pålegget var kvinnene i NKP var skeptiske til å gje ut ei eiga avis: dei måtte finansiera henne sjølve. Når likevel sentralstyret i NKP vedtok å godkjenna skipinga av Gnisten, skjedde det under føresetnad av at avisa ikkje kom til påføra partiet nokre utgifter.
3. Husmorlagsrørsla
Ei av dei viktigaste sakene for kvinnesekretariatet var å vidareføra prosessen med å leggja dei lokale kvinneforeiningane under partiavdelingane. Kvinneforeiningane måtte likviderast, men på ein måte som ikkje skada partiet. Ein måtte unngå eit medlemstap, og ein måtte unngå at kvinneforeiningane gjekk tilbake til DNA. I nokre av laga var det motvilje mot likvidasjonen, og mange av laga var over 20 år gamle. Middelvegen, skreiv Jeanette Olsen i februar 1924, var å gjera foreiningane om til husmorlag der medlemskap i partiet ikkje var forpliktande og der dei organiserte husmødrene skulle danna den kommunistiske arbeidsgruppa. På den måten kunne foreningane halda fram med mykje av det same arbeidet som før.
Denne omorganiseringa tok tid, og i 1927 eksisterte det framleis kvinneforeiningar som ikkje hadde vorte til husmorlag. I 1926 hadde NKP 20 husmorlag med ca. 1000 medlemer.
3. Ufordringane i NKPs kvinnearbeid: husmødre vs. industriarbeidarar. Interaksjon med Moskva.
No har eg gjeve ein presentasjon av tidlegare organiseringar for arbeidarkvinner før NKP vart skipa og sagt litt om dei viktigaste institusjonane i kvinnearbeidet.
No vil eg gå over til å snakka om hovudutfordringane eg skisserte opp i innleiinga: industriarbeidarane vs husmødrene, og visa korleis den strategiske målsetnaden til NKP endra seg frå å prioritera arbeidet i husmorlaga til å til slutt enda opp med å forkasta dette arbeidet og prioritera arbeidet mellom industriarbeidarane.
Den fyrste kvinnekonferansen
17.-21. mai 1924 heldt NKP sin fyrste kvinnekonferanse. Konferansen vart skipa til etter oppmoding frå det Internasjonale Kvinnesekretariatet , og på saklista stod både ”Arbeidet blandt industriens kvinder” og ”Arbeidet blandt husmødrene”.
Nokre dagar før konferansen kom IKS med instruksar om korleis dei såg for seg at arbeidet i NKP skulle skje. IKS understreka at organiseringa av dei kvinnelege industriarbeidarane var ein veikskap med DNA, nettopp på grunn av organiseringa deira i kvinneforeiningar. Difor var det no naudsynt at NKP gjekk i gong med omlegginga til bedriftsceller. IKS gav kvinnesekretariatet kritikk for at det ikkje såg ut som om konferansen skulle ta opp dette spørsmålet grundig nok. Dei vanlege bedriftscellene måtte byggjast opp, for utan dei fekk ein ikkje gjennomført noko organisering av dei kvinnelege arbeidarane.
Vidare gav IKS instruksar om arbeidet i husmorlaga. For at husmorlaga skulle verta noko anna enn DNA sine kvinneforeiningar understreka IKS at kommunistane i laget måtte ha føringa i arbeidet og arbeida i fraksjonar. IKS samanliknar husmorlaga med dei partilause delegatforsamlingane i Sovjet-Russland. Seinare freista IKS å få dette systemet innført i Noreg som den einaste rette organisasjonsforma for å nå ut til dei kvinnelege industriarbeidarane. Delegatsystemet innebar at industriarbeidarkvinnene eller bondekvinnene på kvar sin fabrikk eller i kvar sin landsby valde delegatar til å representera seg. Desse delegatane jobba i periodar med ulike saker, t.d. kampen mot analfabetisme. Delegatane møtte i delegatforsamlingar, som var eit sentrum for politisk skulering. Dei plikta til å avleggja rapport til dei som hadde vald dei, og såleis fungerte delegatane som eit bindeledd mellom partiet og dei uorganiserte kvinnene, samstundes som delegatane fekk skulering.
2. kvinnekonferanse i 1925: mot industriarbeidarane
Den andre kvinnekonferansen i NKP, 3. og 4. juni 1925, fylgde vidare opp IKS sine vedtak om å arbeida mellom industriarbeidarane. På konferansen vart det vedteke at ein skulle oppretta ”kameratklubbar”; partilause samanslutningar i bedriftene, for å koma i kontakt med industriarbeidarane. Kameratklubbane skulle laga møte for industriarbeidarane som ”arrangeres paa en slik maate at de blir baade festlige og agitatoriske.” Kameratklubbar vart oppretta i Bergen, men det lukkast ikkje for partiet å halda lenge nok liv i dei, oppsummerte Jeanette Olsen året etter. I Oslo var NKP-kvinnene derimot komen lengre i arbeidet. Her gav ein ut ei avis, ”Arbeidersken”, som ein delte ut gratis til industriarbeidarane etter overstått arbeidsdag. Kvinnesekretæren meinte at det var frykta industriarbeidarane hadde for å verta arbeidslause som gjorde dei engstelege for å verta med i NKP og at dei framleis hadde tiltru til Tranmæl.
Frå 1925 vart bolsjeviseringsparola frå Komintern forsterka, og NKP byrja arbeidet med å leggja om partistrukturen til celler. Omlegginga var i tråd med vedtaka på den internasjonale kvinnekonferansen i 1924 som slo fast at ein skulle nå industriarbeidarane gjennom arbeidet i bedriftscellene. Denne omlegginga skapte eit håp hos kvinnesekretariatet om at dei no lettare skulle kunne nærma seg industriarbeidarane. Kvinnelege medlemer vart organiserte i bedriftsceller viss dei arbeidde i ein bedrift, eller dei vart organisert der mannen deira arbeidde. Men i hovudsak vart dei kvinnelege medlemmene i partiet organiserte i bustadceller. Også denne omlegginga kom til å ta lang tid for NKP, og kvinnesekretariatet måtte seinare oppsummera at arbeidet i bedriftscellene var ”meget daarlig”
Meir fokus på industriarbeidarane: husmorlagskonferansen i 1927
Frå 1927 auka NKP sitt fokus på dei kvinnelege industriarbeidarane. På husmorlagskonferansen i februar vart det vedteke ei fråsegn som sa at husmorlaga ikkje berre skulle koma i kontakt med industriarbeidarane gjennom felles saker som arbeidarhusmødre var opptekne av, men at ein skulle freista ”aa faa direkte forbindelse med arbeiderskene paa de industrielle bedrifter.” Den viktigaste arbeidsoppgåva til husmorlaga var no å få industriarbeidarane organiserte, og den beste måten å gjera dette på, var delegatforsamlingar. NKP kalla i 1927 inn til ei delegatforsamling , men denne fann truleg aldri stad, og eg har heller ikkje funne noko materiale som seier noko om kvifor.
4. Nedgangen i kvinnearbeidet i NKP og overgangen til den tredje perioden.
No vil eg gå over til å snakka om nedgangen i kvinnearbeidet og moglege forklaringar. Eg meiner vi kan sjå fleire årsaker.
For det fyrste var det ein generell nedgang i NKP på slutten av 1920-talet. Etter episoden med Arbeiderklassens Samlingsparti og det påfølgjande nederlaget ved Stortingsvalet i 1927, miste NKP mange medlemmer, og NKP heldt fram med å ”tapa andlet” i det politiske Noreg.
Ein annan årsak til nedgangen kan vera Kominterns venstrekurs og resultata han gav i NKP. Eit døme på venstrekursen var at kvinnesekretæren Jeanette Olsen meldte seg ut av partiet etter usemja om DNA-regjeringa i 1928. Aktiviteten i kvinnearbeidet var i stor grad avhengig av innsatsen til kvinnesekretæren og arbeidet sentralt, og det at Olsen, som hadde vore kvinnesekretær i fem år, gjekk ut, svekka kvinnearbeidet.
Ein annan fylgje av venstrekursen var at arbeidet mellom industriarbeidarane, innføringa av delegertforsamlingane, og agiteringa mot dei borgarlege kvinneforeiningane skulle intensiverast. På det 3. landsmøtet i NKP, i februar 1929, kom ein kritikk av det tidlegare kvinnearbeidet i partiet, og det skjedde – på papiret – ei politisk og strategisk endring i kvinnearbeidet. Arbeidet i husmorlaga vart oppsummert som feil: no var det arbeidet mellom industriarbeidarane som var det einaste riktige. Denne kursendringa innbar også at ”Den politiske linje i husmorlagene skulde skjerpes, med skarp front mot det reaksjonære sosialdemokrati” . Dette er altså tydelege teikn på at NKP freistar å tilpassa kvinnearbeidet etter vedtak i Komintern.
Til trass for landsmøtet sine pålegg om å arbeida meir mellom kvinnene skjedde det ikkje ei aktivisering i kvinnearbeidet. I eit brev i oktober 1929 orsakar kvinnesekretæren, Olga Andersen, at dei ikkje hadde sendt nokre rapportar om arbeidet til IKS det året. Den internasjonale kvinneveka i 1929 vart ingen suksess. Berre tre distrikt hadde brukt veka til å agitera mellom kvinnene, og det var eit dårleg samarbeid mellom partiavdelingane og kvinneutvala. 1. mai skipa NKP til eigne demonstrasjonar, og dette vakte så stor motvilje i husmorlaga at mange av laga tapte opptil halve medlemstokken sin på dette spørsmålet. Vidare innrømma Olga Andersen at dei ikkje hadde lukkast å koma i kontakt med nokre industriarbeidarar 1. mai, ”men vi kan med det samme tilstaa at kampanjens hovedvekt ikke blev lagt paa disse. Hvad der selvfølgelig var en feil.” I 1929 vart den lønna kvinnesekretærstillinga fjerna, og kvinneutvalet kasta ut av kontora. Og i 1930 kom Gnisten ut med berre 2 nummer før avisa gjekk inn.
5. Avsluttande ord
Så er det tid for å avslutta.
Eg har prøvd å gje einskilde døme på korleis NKP implementerte vedtaka frå Moskva. Partiet lukkast aldri å koma i særleg kontakt med dei kvinnelege industriarbeidarane, og det var nok ikkje på dette området dei la ned den største innsatsen. Den vart lagt i husmorlaga, der det var typiske ”kvinnesaker” for arbeidarhusmødrene som var fokuset. Eg har også prøvd å visa korleis det på papiret gjekk føre seg ei opprioritering av arbeidet mellom industriarbeidarane som fekk sitt høgdepunkt med landsmøtet i 1929.
Tidlegare forsking på Komintern sin kvinnepolitikk viser at tanken om at kvinnearbeidet skulle integrerast i det generelle partiarbeidet i all hovudsak førte til ein degenerering av kvinnearbeidet. Frå 1927/28 var linja frå Moskva at kvinnene skulle verta mobiliserte i partiarbeidet på grunnlag av Komintern sine hovudsaker: mot krigsfaren i Sovjetunionen og kamp mot det ”borgarlege” sosialdemokratiet, og IKKJE på grunn av typiske kvinnesaker. For meg gjenstår det arbeid før eg kan seia at dette var ei linje som også førte til nedgangen for kvinnearbeidet i NKP.